Kurs i resirkulerande akvakultursystem (RAS)

Kurs i resirkulerande akvakultursystem (RAS) 

Utviklinga i oppdrettsnæringa har dei siste åra ført til mange nye resirkulerande akvakultursystem (RAS). Behov for kunnskap om RAS-anlegg og korleis ein skal drifte slike anlegg, er stort både innan næring og skule.

Lær om korleis eit RAS-anlegg er bygt opp og sentrale prinsipp for oppdrett i RAS-anlegg.

NIVA, Ontec AS og Måløy vidaregåande skule står for utvikling og gjennomføring av kurset.

 

Målgruppe

Tilsette i akvakulturnæringa, lærarar som underviser i akvakultur, og andre interesserte som for eksempel tilsette i leverandørindustrien, bank og forsikring, og offentlege myndigheiter.


Kursinnhold

Deltakarane skal få ei grunnleggande teoretisk og praktisk forståing for korleis eit RAS-anlegg fungerer både teknisk og biologisk. Kurset inkluderer også bedriftsbesøk hos Mowi Steinsvik.


Læringsform

Kurset består av ei samling på til saman 4 dagar i Måløy og eigenstudium av tilsendt kursmateriale.


Læringsmål

Etter fullført kurs, skal deltakaren ha kunnskap om:

  • Fisken sine viktigaste biologiske behov i oppdrett
  • Tekniske komponentar og funksjon i resirkuleringsanlegg
  • Vasshandsaming i resirkuleringsanlegg
  • Bruk av målemetodar- og utstyr
  • Sentrale prinsipp for drift av resirkuleringsanlegg
  • Ha tilstrekkelig kunnskap for å kunne kommunisere med andre om RAS.


Tid og stad 

22. til 25 .mars 2022 på Måløy vidergåande skule.

Tysdag kl. 9-16

Onsdag kl. 9-16

Torsdag kl. 9-16

Fredag kl. 9-15


Ved fleire søkarar enn plasser vil førstemann til mølla-prinsippet gjelde.   Gjennomføring av kurset føreset nok påmelde deltakarar.

NB: Du skal motta ordrebekreftelse ved påmelding. Hvis ikke du mottar dette, vennligst ta kontakt. 

Nærmare informasjon om kurset får du før kursstart.


Kursavgift

Kursavgift kr. 15.000,-  inkluderer lunsj, kaffi og kurs-transport på samlinga. Kursavgifta vert fakturert.


Overnatting

Overnatting  ordnar deltakar sjølv. Vi har avtale med Thon Hotell Måløy, tlf. 57849400. For å sikre deg rom til avtalepris må du bestille seinast 14 dagar  før kursstart. Bestillingskode: RAS-kurs. Du er sjølv ansvarleg for å gi hotellet beskjed om eventuell endring av dato eller avbestilling.

Måløy | Thon Hotels 


Fagansvarleg/Forelesar

Ole-Kristian Hess-Erga

Norsk institutt for vannforskning (NIVA)
Telefon: 979 73 054
E-post: ohe@niva.no


Kontakt

Mona Bakke Svarstad

Måløy vidaregåande skule

Telefon: 916 20 364
Epost: mona.bakke.svarstad@vlfk.no


Krav til forkunnskap

Det er ingen krav til forkunnskap. For å ha best utbytte av kurset er det likevel ein fordel å ha praktisk og/eller teoretisk erfaring frå oppdrett eller vasshandsaming.


Beklager, påmeldingsfristen har gått ut eller arrangementet er fulltegnet.